URIar, autoritetar og andre raritetar

URIar, autoritetar og andre raritetar

14 desember 2015,   By ,   0 Comments
Tusen takk til dere som var med på Kultur- og naturreises avslutningssamling forrige uke på Villa Lilleborg. Det var stas å kunne samle så mange likesinnende digital-kultur entusiaster på et sted. Det har vært litt av en reise med mange nye ideer, opplevelser, nye samarbeidspartnere og ikke minst nye begreper.
Med tanke på det siste punktet kunne vi ikke la være å dele diktet til Anette Walman fra Riksarkivet som har sittet i prosjektets faggruppe. Skrevet og gjennomført i anledning vår avslutning.

 

URIar, autoritetar og andre raritetar

Resource description framework, sa du
Hæ?!, sa eg
RDF,- Du har vel høyrd om RDF?
Det vert framtida, det.
Seier du det, sa eg.
APIar er som sugerøyr, sa du
Sugerøyr, ja, sa eg. Det veit eg kva er
Sugerøyra opnar opp slik at skiten kan komma ut.
Slik får ein mindre skit. (sa du)
Hæ?!, sa eg.
Vi må etablere nokre autoritetar, sa du
Autoritetar, sa eg? Eg likar no helst flat struktur
Nei, – vi må vere samde om nokre felles autoritetar
Berre slik er Wilse Wilse i ein kvar samanheng
Anders Beer Wilse, ja, ham har eg høyrd om, sa eg.
Felles vokabular og URIar knyter data saman, sa du
URIar, sa eg? URL, meiner du.
Med LOD vert relaterte ressursar knytt saman
Eigne data vert rikare ved hjelp av andre sine data(sa du)
Javel, sa eg. Det er jo bra.
Vi må passe oss for stammespråket, sa du
Fagdata treng tilarbeiding når dei havnar på internettet
Berre slik kan andre forstå dei
Ja, vi må passe oss for stammespråket, sa eg.
(Det vart ei lita pause)
Skal vi gå å ta ein latte, sa eg?
Hæ?!, sa du.
 

Kategorier