Workshop Vest-Telemark 14.-15. november

Workshop Vest-Telemark 14.-15. november

10 september 2014,   By ,   0 Comments

Har du ei god forteljing å dele frå Vest-Telemark? Ei lokal historie du veit om, ein plass i nærområdet du har ein spesiell relasjon til, ein unik person du vil fortelje om? Tenk om du kunne gjere det som ein «digital story» som kan visast på nettbrett og mobil?

Vest-Telemark Museum og prosjektet Kultur- og naturreise inviterer til to dagars kurs/workshop i produksjon av digitale forteljingar. Det er ingen krav om it-kunnskap utanom det at du kan bruke PC eller Mac. Her er låg terskel og vi hjelper deg med det du treng.

Målet med workshopen er å lære bort korleis ein lagar digitale forteljingar tilpassa mobil- og nettbrettformat. Kultur- og naturreiseprosjektet skal gjere lokal kunnskap tilgjengeleg på nett, slik at den kan delast digitalt med lokalbefolkninga, skuleelvar, tilreisande og alle andre.

Ei digital forteljing varar ofte ikkje meir enn 2 min og inneheld minst eit bilete saman med ei lydleg forteljing på maks 100 ord. Men du kan sjølvsagt lage den så avansert som du sjølv vil. Du kan sjå ulike døme på digitale forteljingar på www.digitaltfortalt.no

Workshopen er gratis. Invitasjonen går ut til museets kontaktar, kommunane og lag/organisasjonar i Vest-Telemark, samt til andre prosjektgrupper i Telemark som arbeider med digital formidling.  Vi ønskjer å samle så mange eldsjeler, friviljuge, guidar og lokale støttespelarar til Vest-Telemark Museum og samarbeidspartnarar til Kultur- og natrurreise i Telemark (Telemarkpiloten) som mogleg.

Workshopen startar ved museet i Eidsborg fredag kveld kl 18 og fortset gjennom heile laurdagen, helst til den digitale forteljinga di er heilt ferdig. Det vil bli servert lunsj laurdagen, og det blir rikeleg med kaffipausar med noko attåt.

Påmelding til sindre.flo@bo.kommune.no innan 10. november. Bindande påmelding. Meld frå om eventuell matallergi 

Er det noko du lurar på? Kontakt:

Sindre Flø i prosjektet Telemarkpiloten/Kultur- og naturreise, 958 47 525 / sindre.flo @ bo.kommune.no

Tilman Hartenstein ved Vest-Telemark Museum, 911 36 604 / th @ vtm.no

 

Velkommen til workshop om digitale forteljingar i Vest-Telemark!


Kategorier